tirsdag 1. oktober 2024

Familiedag på Haualeite

Formidling av konservering og tradisjonsmat på familiedag 

Søndag 22. september skulle det arrangerast familiedag på bygdemuseet på Haualeite i Volda i samband med forskingsdagane på høgskulen. Studentane på matkultur skulle delta på denne dagen, der fokus var på formidling av matkultur. Ein skulle fordelast på ulike stasjonar, eg og medstudent ønska å ha ein stasjon med flatbrødbaking der gjestene kunne lage sitt eige flatbrød. Flatbrød er eit tynt, ugjæra brød som kan lagast av ulike typar korn, der bygg og havre har vore vanlegast (Høberg, 2023). Deigen skal kjevlast tynt ut og deretter steikast på takke til det er tørt. Dersom flatbrødet vert oppbevart tørt kan det halde seg i fleire år (Bugge, s. 76). Opprinneleg vart flatbrødet steikt på ei steinhelle, seinare brukte ein jernplate (Bugge s. 75). På slutten av middelalderen vart flatbrødet det vanlegaste kvardagsbrødet (Wikipedia, 2022). Det vart brukt som tilbehør til middag, i tillegg til soll ved å knuse flatbrød og ha melk på. Flatbrødet vert sett på som typisk norsk tradisjonsmat, men variantar av flatbrødet finst over heile verda. 

Stasjonen med flatbrødbaking skulle vere i Vassbakkestova, som ligg heilt i austenden av bygdetunet (Aambø, 2002, s. 77). Me hadde fått omvisning på bygdetunet på førehand, der me fekk gå inn i dei fleste bygga og lære ein del om historia, også Vassbakkestova. Vassbakkestova var bustaden til Johane (1886-1958) gjennom heile livet (Aambø, 2002, s. 77). Huset stod på Røysmyrane, om lag der campus-arenaen ligg no. Vassbakkestova vart flytta til bygdetunet i 1984 og stova er satt opp slik den var då den stod på Røysmyrane (Aambø, 2002, s. 78). Johane var ugift og levde av å sy, noko ho gjorde heile livet (Aambø, 2002, s. 79). Arbeidsplassen var heime, men ho drog også heim til folk og sydde kleda der. Vassbakkestova vert i dag brukt til ulike tilstelningar som festar, møter, avslutningar og bursdagar m.fl. (Aambø, 2002, s. 83). Det var stas å kunne få lage til flatbrødbaking i Vassbakkestova! 

Førebuingar 

For å førebu oss til familiedagen var det viktig å finne ei god oppskrift på flatbrød og testen denne ut på førehand. Dette gjorde me på ei samling med matkultur den 7. september. Sidan eg eigentleg var på ein annan stasjon, var eg ikkje med på å lage deigen, men eg fekk prøve å kjevle ut emna og steike nokre flatbrød. Denne oppskrifta fungerte fint, var god på smak og me ønska difor å bruke den same oppskrifta til familiedagen. Me gjorde nokre små justeringar og enda opp med denne oppskrifta: 


Utprøving av flatbrød. Foto: Kari Ryslett 


Ingredienser: 
- 7 dl kokt vatn 
- 1 kg grovbakstmjøl 
- 1 ts salt 
- ca 2 dl byggmjøl til utbaking 
- takke, kjevle, mjølpensel og rist 

Framgangsmåte: 
1. Bland mjøl og salt i ein bakebolle. Hell over kokt vatn. 
2. Avkjøl noko og elt deigen. Deigen skal vere fast. Legg deigen i ein plastpose i kjøleskap til den er heilt kald. Kan ligge over natta. 
3. Del deigen i like emner. 
4. Bruk mykje byggmjøl ved utbaking, viktig å unngå at emnet sit fast. Kjevle emnet frå midten og utover til ei tynn stor leiv. Børst av laust mjøl. 
5. Steik flatbrødet på ei varm takke til det byrjar å bli tørt på overflata, og snu det. Juster varmen slik at det ikkje vert brent. 
6. Legg dei ferdige flatbrøda på rist, oppbevarast tørt. 

Deretter møttest me igjen den 9. september for å legge ein plan for familiedagen. Me laga ei utstyrsliste, ein gjennomkøyringsplan og fann ut kva me skulle formidle på familiedagen. Me tenkte at historia om flatbrød og litt historie om Vassbakkestova var relevant. Me sendte planen til faglærarane og fekk tilbakemelding på denne. 

Dagen før familiedagen (21. september) møttest me igjen, der me laga deigen til flatbrøda sidan den skulle stå kaldt. I tillegg gjekk me gjennom formidlingsbiten. Me fann utstyr og la dette klart. Me handla inn og skreiv oppskrifta som me skulle dele ut. På sjølve dagen møttest me litt tidlegare for å skrive ut oppskrifta og klippe dette til. Me henta litt rognebær for pynt og pakka inn i bilen alt utstyret me skulle ha med oss. Då me kom fram til Haualeite byrja me å rigge oss til i Vassbakkestova. Me hadde to takker, og tenkte å fordele oss på kvar side av bordet med takkene. Gjestene kunne få sitte på benk og stol på begge sider av bordet og kjevle ut flatbrød på plastunderlag. I stova var det også rigga til ein stasjon der ein kunne riste sitt eige smør som ein annan medstudent hadde ansvar for. 

Flatbrødstasjonen og og smørstasjonen. Foto: Ruth Solveig 


Gjennomføring: 

Me fekk rigga til bordet som ønska, og byrja å kjevle nokre flatbrød og steike desse før det kom folk. Etterkvart kom gjestene sigande, dei fekk kjevle sitt eige flatbrød og riste smør til å ha på flatbrødet. Takkene slutta å fungere, noko som var litt stress då det var mange som ville steike sitt eige flatbrød. Heldigvis ordna faglærar det slik at me fekk to nye skøyteledningar, som gjorde at ein kunne steike på begge takkene etterkvart. Me var ganske flinke på kunnskapsformidling i starten, då det var litt rolegare. Etterkvart var det veldig mykje folk i stova og det vart ganske hektisk. Då gløymde me litt av formidlingsbiten, då me hadde meir enn nok med å hjelpe til med kjevling og steiking av flatbrøda. 
I godt driv med flatbrødbakinga. Foto 1: Ruth Solveig.  Foto 2: Hilde Dahlseng. 
 

Me tok oss ein liten runde for å sjå på dei andre stasjonane også. På den eine stasjonen steikte ein blodpannekaker, noko som var veldig godt. På den andre stasjonen pressa ein eplejuice, i tillegg fekk ein smaksprøvar på ulike eplesortar.
Foto 1: Kari Ryslett. Foto 2: Ruth Solveig. 


Oppsummering og evaluering: 

Alt i alt synest eg at familiedagen gjekk fint. Det var kjekt at det kom såpass mange folk, og at mange ønska å lage sitt eige flatbrød. Me hadde førebudd oss godt på førehand, noko som var ein fordel då me stod midt oppi det. Me kunne ha fokusert endå meir på formidlinga av matkultur, dette gjekk litt i gløymeboka ettersom det var svært hektisk på grunn av mykje folk. Til ein annan gong kan det vere lurt å sette opp eit skilt og vise til flatbrødbaking i Vassbakkestova sidan dette huset ligg i utkanten av bygdetunet og er litt avgøymd. I tillegg kan det vere greit å ha litt meir tid før familiedagen (t.d. starte to timar før arrangementet), slik at ein får meir tid til å førebu, t.d. å steike fleire flatbrød, før det kjem folk. Oppsummert var det kjekt å få vere med på å fremje tradisjonsmat på eit veldig koseleg arrangement, og fint å vere med på å inspirere folk til å lage flatbrød heime! 

Bakstekjerringane på Haualeitet. Foto: Britt Marlene Kåsin.



Referanseliste: 

- Aambø, R. (2002). Ho Jo-Johane i Vassbakkestova. I Volda Sogelag (Red.), Voldaminne: Årsskrift 2002 (s. 77-84). Egset trykk AS. 
- Bugge, A. B. (2019). Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere: Mat og spisevaner i Norge fra 1500 tallet til vår tid. Cappelen Damm Akademisk. 
- Høberg, E. N. (2023, 21. januar). Flatbrød. Store norske leksikon. https://snl.no/flatbr%C3%B8d 
- Wikipedia. (2022, 13. desember). Flatbrød. https://no.wikipedia.org/wiki/Flatbr%C3%B8d