søndag 1. september 2024

Konservering av frukt, bær og grønsaker

Me fekk i oppgåve å lage to konserverte og etande produkt av frukt, bær eller grønsaker, og dokumentere prosessen rundt dette. Eg valde å lage plommesaft og moltesyltetøy. Eg landa på dette valet ettersom plommer er i sesong no, og eg hadde litt molter i frysaren eg ønska å bruke. Eg har laga saft tidlegare, men ikkje syltetøy, så eg var spent på korleis resultatet ville bli. 

Plommesaft 

Eg følgde oppskrifta frå bloggen "Det søte liv" (2021). 

Ingrediensar: 

- 2 kg plommer

- Ca 500 g sukker 

Framgangsmåte: 

1. Eg vaska flaskene med zalo, og sette dei inn i steikeomnen på 100 grader for sterilisering. 

2. Eg vaska plommene og la dei oppi den øvste delen av saftkokaren. Eg tok vatn oppi den nedste delen, og sette dette på kok. 

3. Plommene dampa i ca 1,5 t, til det ikkje kom meir saft av dei. Eg måtte tappe litt undervegs, og fylle på vatn i dampkokaren. 

4. Eg tappa oppi råsafta i ei anna gryte, og målte 1,5 l saft. Eg målte opp sukker ut i frå mengda med saft, der eg rekna 320 g sukker per liter råsaft. 

5. Eg varma opp safta til kokepunktet, og tilsette sukker etter smak. Eg smaka meg litt fram, men valde å tilsetje den oppmåla mengda med sukker. Safta kokte nokre minutt, slik at alt sukkeret vart oppløyst. 

6. Til slutt helte eg safta over i varme, sterilisert flasker. Eg brukte trakt til å helle safta oppi, og prøvde å fylle flaskene så fulle som mogleg for å unngå luft. 

Prosessen med plommesaft. Foto: Ruth Solveig+Vibeke    
Ferdig plommesaft. Foto: Ruth Solveig

Moltesyltetøy 

Eg følgde oppskrifta frå nettsida Meny (u.å.), men eg brukte frosne molter i staden for ferske. 

Ingrediensar: 

- 300 g frosne molter 

- Ca 100 g sukker 

Framgangsmetode: 

1. Eg vaska syltetøyglasa med zalo, og sette dei inn i steikeomnen på 100 grader for sterilisering. Loka sette eg på kok i ein kjele. 

2. Eg kokte opp dei tinte moltebæra i ein kjele og lot det koke i ca 10 min.

3. Deretter tok eg kjelen av plata og tilsette sukkeret. Eg rørte til sukkeret var heilt løyst opp. 

4. Til slutt helte eg syltetøyet over i eit varmt og sterilisert glas, ved hjelp av ei trakt for å unngå å søle på kanten. Deretter skrudde eg på det steriliserte loket. 

Konservering er ein prosess med føremål å auke haldbarheita til matvarer (Innli & Helmersen, 1995, s. 283). Målet er å bekjempe faktorar som verkar nedbrytande på maten, slik som bakteriar, sopp og ulike kjemiske prosessar. Døme på ulike konserveringsmetodar er syrekonservering, kjemisk konservering, varmekonservering og halvkonservering ved sylting, safting og sursylting (Innli & Helmersen, 1995, s. 291). 

Viktige prinsipp ved både sylting og safting som konserveringsmetode, er å sterilisere glasa og flaskene før ein kan fylle dei (Riddervold & Berg, 2004, s. 62). Dette er viktig for å kunne drepe mikroorganismar og for å inaktivere enzym. I tillegg er det viktig å fylle glasa og flaskene heilt opp for  å unngå oksygen som er ein nedbrytande faktor. 

Litt av prosessen med moltesyltetøyet. Foto: Ruth Solveig 


Erfaringar og refleksjonar 

Plommesaft: 
Når det gjeld utsjånad fekk plommesafta ein fin burgunder farge og vart klår utan utfellingar. Den var god på smak, men kunne kanskje vore litt mindre søt. Då ville den gode plommesmaken kome endå betre fram. Men det er likevel positivt for konserveringa si del at sukkerinnhaldet er gansk høgt (Riddervold & Berg, 2004, s. 62). 

Prosessen med å lage plommesafta gjekk stort sett fint, men det vart tidvis litt stress då slangen datt av under tapping og det rant plommesaft ut. Eg kunne ha fylt opp flaskene endå meir for å konservere betre. Likevel var det litt vanskeleg å få til, då det kom ein del skum i toppen som forsvann etter eg hadde tatt på korken. I tillegg klarte eg å søle litt plommesaft på kanten på den eine flaska, så den ikkje vart riktig konservert. Denne flaska har eg tenkt til å ha til eige bruk og oppbevare i kjøleskap. Eg har erfart at det å lage saft kan vere ein nokså langsam prosess, det er viktig å ha god nok tid ettersom plommene måtte dampe ganske lenge.

Dessverre ser det ut som om det har kome litt mugg i begge flaskene etter ca ei veke oppbevaring, noko som er veldig kjedeleg! Det har då truleg vore for mykje luft i flaskene, eller at flaskene ikkje har vore heilt tette. 

Moltesyltetøy: 

Når det gjeld utsjånad fekk moltesyltetøyet ein oransje/brunleg farge. Eg syntest at moltesyltetøyet vart for søtt, eg gløymde å smake til undervegs og helte oppi alt sukkeret eg hadde måla opp i forhold til oppskrifta. Neste gong ville eg ha smakt meg meir fram. I tillegg burde eg ha kokt opp moltene og sukkeret etter eg blanda sukkeret saman med moltene. I oppskrifta stod det berre at ein skulle blande sukkeret med dei varme moltene utan å gi eit oppkok, men eg er usikker på om sukkeret vart skikkeleg blanda ved å gjere det slik. Av denne prosessen har eg lært at det er viktig å vurdere oppskrifta nøye, og kanskje samanlikne ulike oppskrifter for å finne den beste framgangsmetoden/oppskrifta.  

Det vart ganske lite syltetøy av 300 g molter, og eg fekk akkurat ikkje nok til å fylle eit lite syltetøyglas. Difor er eg usikker på om det vart konservert skikkeleg då det er litt luft i glaset. Eg håper at det høge sukkernivået likevel gjer at det held seg bra! 

Det ferdige resultatet. Foto: Ruth Solveig 


Litteraturliste: 

Det søte liv. (2021). Plommesaft. https://www.detsoteliv.no/oppskrift/plommesaft 

Innli, K. E. & Helmersen, H. (1994). Konserveringsmetodar. Yrkeslitteratur. 

Meny. (u.å.). Hjemmelaget multesyltetøy. https://meny.no/oppskrifter/bar/hjemmelaget-multesyltetoy/

Riddervold, A. & Berg, P. (2004). Spekemat. Teknologisk forlag.